[email protected]


Logo
Bli medlem
Trygg og etisk idrett

Politiattest i STIL

Alle som har oppgåver i STIL som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming, skal levere gyldig politiattest.

STIL er ansvarleg for å vurdere om ein person sine oppgåver inneber eit slikt ansvar. Det er politiattestansvarleg i STIL – eller ein vara – som har ansvar for å kontrollere attestane. Kravet om politiattest gjeld òg for eksterne personar som har engasjement i laget, uavhengig av om dei er medlem i STIL eller ikkje.

Det er viktig å vere merksam på at ein politiattest ikkje kan brukast på tvers av idrettslag. Dersom ein person får ei rolle i eit nytt lag, må det leverast ny attest.

Kven treng politiattest?

STIL skal vurdere kva roller og oppgåver som krev politiattest, basert på tillits- eller ansvarsforholdet. Nokre roller, som til dømes trenarar i barne- og ungdomsidretten, vil alltid krevje politiattest.

Dersom ei oppgåve krev politiattest, må det opplysast om dette i formålsskjemaet slik at politiet kan gjere ei vurdering. I den digitale politiattesttenesta, utvikla i samarbeid med Politiets IT-eining og eininga for vandelskontroll, treng ikkje politiattestansvarleg lenger fylle ut skjema – det held å stadfeste formålet med eit par tastetrykk.

For roller som barnetrenar, ungdomstrenar og frivillig med ansvar for mindreårige, er det hovudregelen at det ikkje er krav om utfyllande informasjon om formålet. For andre roller kan det vere naudsynt å oppgi meir informasjon om kvifor det krevst politiattest.

Aldersgrense for politiattest

Personar under 15 år kan ikkje få politiattest, då dei er under den kriminelle lågalderen.

Rettleiing frå NIF

Norges idrettsforbund (NIF) er klar over at det kan vere utfordrande å vurdere om ei rolle i idretten krev politiattest. I samarbeid med vandelskontoret i politiet, som vurderer og utferdar attestane, har NIF utarbeidd ei rettleiing for kva roller som krev attest.

Rettleiaren er hovudsakleg retta mot roller i den nye digitale politiattestløysinga, men vil òg vere nyttig for lag som brukar andre system for registrering og framvising av politiattestar.