Våre idrettar
Her finn du informasjon om alle terminfesta kampar, banetildelingar og dommaroppsett i sesongen.
MERK - ved omberamming av kampar. Lagsapparatet må avklare/sende melding til dommeransvarleg Petja Cink: [email protected] og til leiar for aldersbestemte lag Sondre Louis Gjelsten: [email protected].
Vi vil minne om nokre punkt som det er viktig at trenarar og lagleiarar i barnefotballen hugsar på:
- Kontakt motstandarlag og dommar SEINAST 24 timar før kamp, og ønsk velkommen på kampdag, t.d. vis til garderobar
- Legg inn resultat etter kampslutt. Bruk minfotball – appen
- Dersom kampar skal endrast må de FØRST avtale med motstandarlaget FØR de sender inn omberammingskjema til oss i krets.
- Det er terminlista på fotball.no / minfotball appen som alltid er gjeldande. Har du lokale lister som ikkje stemmer overeins med det som står på nett, sørg for å gi oss melding så vi får oppdatert.
- Vi ønskjer å skape gode opplevingar for både dei på og utanfor bana. Kampvert er obligatorisk i alle kampar i barne- og ungdomsfotballen.
- Vi slår eit slag for Fair play møtet mellom trenarar før kamp. Her kan ein gjere avtalar og prøve å tilrettelegge for gode kampopplevingar for begge lag. Minner om at dersom målskilnaden er meir enn 3 mål, får laget som ligg under sette på ein ekstra spelar.