Alle treningane foregår i Turnhallen/Austsalen i Firdahallen på Sandane, som tilhøre Trivselshagen Bad og Idrett.
Adresse er Gota 14, Sandane.
Utleige av turnhall
Dersom du ynskjer å leige turnhallen, så må du ta kontakt med Trivselhagen Bad og Idrett, fylg linken for kontaktinfo:
(http://www.trivselshagen.no/bad-og-idrett/kontakt-oss/)
Det er Trivselshagen IKS som eig hallen, og Trivselhagen Bad og Idrett som administrerar leigeforholda.
For å leige turnutstyr, ta kontakt med leiar i turngruppa.
Vi ynskjer oss alltid fleire som kan stille på som trenarer, så dersom det kan være noko for deg eller nokon du kjenner, så høyrer vi gjerne i frå deg. Muriel er trenerkontakt i turnstyret, og kan nås på epost [email protected]. Trenerkurs vert dekka av turngruppa.
Vi samkjøyre oss med andre idrettar og fritidstilbod så langt vi klarer, sånn at det vert færrast mogleg treningstidskollisjonar, men vi kan ikkje garantere at vi klarar det for alle årskull.
Turntreningane vil startar som vanleg 1. veka etter haustferien.
For dei som skal delta på konkurransar, vil det være mogleg å starte tidligare, men det avtalast direkte med trenar. Kun aktuelt for det året dei fyller 11.
Dei som har plass turn frå før, har plass inntil plassen vert sagt opp. Vi vil gjerne ha beskjed snarest mogleg dersom du veit du ikkje kjem til å bruke plassen på turnpartiet ditt, slik at nye gymnastar kan overta plassen og vi kan få fyllt opp partia våre.
Vi tek i mot påmelding av nye gymnaster i september kvart år. Dersom det er ledig plass ellers i året, og du ynskjer å starte, høyrer vi gjerne i frå deg, så tek vi det i derifrå.