Frivillig
Frivillige eller ansvarspersonar i ein organisasjon, eit lag eller ein foreining.
Krav: For kvar enkelt frivillig skal STIL vurdere om oppgåvene personen har inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming.
Døme på situasjonar der politiattest skal vurderast:
– Personen er regelmessig i kontakt med utøvarar under 18 år eller personar med utviklingshemming, og kan dermed opparbeide seg eit tillits- eller ansvarsforhold.
– Personen utfører oppgåver knytt til den daglege drifta og aktiviteten i STIL, og oppheld seg ofte rundt dei mindreårige som deltek i aktiviteten.
– Personen har oppfølgingsansvar for yngre eller underordna som er under 18 år.
Frivillig med ansvar for mindreårige og/eller personar med utviklingshemming
Frivillige som har eit særskilt ansvar for mindreårige eller personar med utviklingshemming – der det kan oppstå eit tillits- eller ansvarsforhold – skal vise politiattest.
Døme på slike situasjonar:
– Den frivillige har åleine eller saman med andre ansvar for ei gruppe eller enkeltpersonar under 18 år, til dømes under turneringar, stemne, treningsleirar og liknande – og har ansvar for fleire enn eigne barn.
– Den frivillige er med på reiser med overnatting saman med mindreårige, eller deltek regelmessig på treningar eller andre aktivitetar i regi av STIL, og har ansvar for fleire enn eigne barn.
Krav: – Politiattest
Felles for rollene:
Personen kan sjølv søkje om å få tildelt rolla.