[email protected]


Logo
Bli medlem
Trygg og etisk idrett

I STIL skal alle kjenne seg trygge

Sei ifrå dersom du opplever noko som er eit brot på våre verdiar, etiske retningslinjer, reglement eller vedtekter. Vi ønskjer å få vite om kritikkverdige forhold, og vi er takksame for at du seier ifrå. Døme på kritikkverdige forhold kan vere mobbing, trakassering, underslag, kampfiksing, juks eller seksuelle overgrep.

Vi ønskjer å høyre frå deg slik at vi kan gripe tak i og handtere slike forhold på ein god måte – og hindre at liknande hendingar skjer i framtida.

Kva betyr det å varsle?

Å varsle betyr å seie frå eller å advare om kritikkverdige eller ulovlege forhold eller hendingar.

Målet med varsling er å melde frå til nokon som kan gripe inn, ivareta dei som er ramma, og sørgje for at slike ting ikkje skjer igjen.

Kva kan du varsle om?

Du kan seie frå om hendingar eller åtferd du sjølv har opplevd, oppdaga, høyrt om, eller fått direkte kjennskap til.

Døme på ting du kan varsle om:

  • Underslag eller økonomisk mislighald
  • Mobbing eller trakassering frå trenar eller andre utøvarar
  • Juks i konkurransar
  • Rasisme eller diskriminerande åtferd
  • Seksuelle overgrep eller grenseoverskridande åtferd

Det skal vere låg terskel for å varsle om brot på idrettens reglar og verdiar. Er du usikker, ta gjerne kontakt med adminstrasjon eller hovudstyret i STIL, eller rådgjevar i NIF. 

Korleis varslar du?

Varsel skal sendast til det leddet i idretten der hendinga har skjedd – til dømes STIL, særforbundet, idrettsrådet eller idrettskrinsen.

Du kan:

  • Kontakte ein trenar, leiar eller ansvarsperson direkte
  • Varsle via varslingsportalen
  • Varsle munnleg på telefon eller i møte

Tips: Om du varslar munnleg, kan det vere lurt å sende inn ei skriftleg oppsummering i tillegg. Då har du dokumentasjon på kva du har sagt – med dine eigne ord.

Kva bør vere med i eit varsel?

  • Kva har skjedd? Kven gjeld det? Kven andre var involvert?
  • Når og kvar skjedde det?
  • Vær så konkret og presis som mogleg. Lag gjerne ei tidslinje.
  • Legg ved eventuell dokumentasjon (bilete, meldingar, videoar m.m.)
  • Kjenner du til vitne? Oppgi namn og kontaktinfo dersom mogleg.

Kva skjer når varselet er sendt inn?

Vi følger opp alle varslar. Når vi har motteke varselet ditt, vil vi gje deg beskjed om kven som har ansvar for å følge opp saken (saksbehandlarar) og du vil bli oppdatert på kva som skjer vidare med varselet. 

Saka vil bli behandla av to saksbehandlarar i hovudstyret. Dersom du ikkje høyrer noko innan rimeleg tid, bør du ta kontakt igjen for å sikre at det er motteke. Saksbehandlarane vil først gjere ei innleiande vurdering og deretter snakke med alle involverte. Du vil bli informert om prosessen undervegs.

Kartlegging av ei varslingssak kan ta tid – særleg om det er ei alvorleg sak. Hovudregelen er å «skunde seg langsamt», slik at behandlinga blir grundig og rettferdig. Om du lurer på kor lang tid det vil ta, kan du kontakte saksbehandlarane. 

Varsle med namn vs anonymt 

Du kan varsle med namn og kontaktinformasjon i varslingsportalen. Når vi mottek eit varsel, vil vi behandle det fortruleg. I denne sammenheng vil det bety at identiteten til den som seier ifrå og dei/den det eventuelt blir varsla på, ikkje skal bli gjort kjent for fleire enn det som er nødvendig for å behandle saken. 

Du kan velge å vere anonym og varsle uten namn, men det kan bety at vi ikkje kan gå vidare med saka overfor den det er varsla om. Dette på grunn av at det kan vere vanskeligare å opplyse saka eller at saksbehandlarane velger å ikkje gå vidare for å sikre varslaren sin anonymitet.