Eg skal hjelpe ein som vil varsle
Som lagkamerat, trenar, tillitsvald, tilsett eller frivillig i STIL, kan du oppleve å få kjennskap til uro, kritikkverdige forhold eller ulovlege hendingar i idretten. Då er det viktig at du hjelper den som fortel deg om dette, med å varsle om det som har skjedd. Denne rettleiinga gjeld òg deg som er føresett, ven eller støtteperson.
Vurder behovet for hjelp
Dersom du er ein tillitsperson for varslaren, må du vurdere om personen treng akutt fysisk eller psykisk helsehjelp – og om saka bør meldast til politi eller barnevern. I slike tilfelle er det viktig at du er roleg og støttande, og hjelper til fram til rette instans tek over ansvaret.
Hjelpe til med å varsle til rett person/stad
Når du får vite om kritikkverdige forhold, skal du først og fremst ta vare på den som deler dette med deg. Deretter bør du hjelpe vedkomande med å varsle til rett person – til dømes leiar i STIL, idrettsrådet, idrettskrinsen eller særforbundet.
Å varsle bidreg til at liknande hendingar ikkje skjer igjen og er med på å gjere idretten trygg for alle.
Bruk vårt digitale varslingssystem for å varsle her
Vere ein god støtteperson
Di rolle som støtteperson er å lytte, ta imot informasjon og vise at du tek det på alvor. Det er viktig at varslaren kjenner seg trygg og trudd.
Skriv gjerne ned det du får høyre, og få stadfesta frå varslaren at informasjonen stemmer.
Hald informasjon konfidensiell
Den som varslar, skal kjenne seg trygg på at informasjonen ikkje blir delt vidare utan grunn. Ikkje fortel det vidare til nokon som ikkje må vite det – dette for å hindre ryktespreiing og utryggleik.
Dersom du mistenker at personen kan bli utsett for alvorleg vald eller overgrep igjen, har du avvergingsplikt.
Eg skal hjelpe ein som har varsla
Ein person som har sendt inn eit varsel, kan trenge støtte både medan saka blir behandla og i etterkant. Det same gjeld for den det er varsla om. Her er tips til deg som vil vere ei støtte gjennom prosessen.
Under behandling av varselet
Du kan vere ein god støtteperson ved å:
- Lytte og vise omsorg
- Vere til stades og tru på det som blir fortalt
- Vere med som støtteperson i møte med saksbehandlarar
- Hjelpe varslar med å søkje profesjonell hjelp ved behov
Du kan få tilgang til sensitiv informasjon – denne skal du halde konfidensiell.
Er du usikker på korleis ei varslingssak blir behandla, finn du meir informasjon hos Norges Idrettsforbund. Det kan hjelpe deg med å støtte varslaren på rett måte.
Etter behandling av varselet
Etter at saka er avslutta, er det viktig at varslaren ikkje blir ståande åleine. Det kan vere krevjande å vere del av ei varslingssak.
Vær ein samtalepartnar som varslaren kan lene seg på – det kan bidra til tryggleik og at personen får bearbeidd opplevinga si.
Til deg som støtteperson
Takk for at du stiller opp! Di rolle er viktig. Samtidig må du ta vare på deg sjølv. Det er heilt lov å setje grenser for kva du kan stille opp med.
Du kan:
- Avtale når du er tilgjengeleg
- Dele ansvaret med ein annan person varslaren stoler på
- Snakke med varslaren om korleis de skal kommunisere
Kjenn etter kva du treng. Har du behov for å prate med nokon, kan du kontakte helsetenesta der du bur – eller ringje Mental Helse på 116 123 (døgnopen).
Å støtte den det er varsla om
Å få eit varsel mot seg kan vere krevjande. Personen det er varsla om kan trenge støtte både under og etter behandlinga.
Som støtteperson er det viktig at:
- Du ikkje førehandsdømmer
- Du held informasjon konfidensiell
- Du er med som støtte i møte med saksbehandlar (utan å delta i sjølve samtalen)
Viktig: Du bør ikkje vere støtteperson for både varslar og den det er varsla om. Det kan skape rollekonflikt. STIL anbefaler at det er to ulike personar.