Barneidretts- og klubbforsikring
Alle barn som er medlem av lag tilknytt Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF), eller som deltek i organisert aktivitet i klubbens eller lagets regi, er forsikra gjennom Gjensidige si barneidrettsforsikring.
Forsikringa gjeld for barn fram til den datoen dei fyller 13 år.
Forsikringspremien blir betalt av NIF.
Forsikringsbevis og vilkår 01.01.2025–31.12.2025
Kven forsikringa gjeld for: a) Medlemmar av lag tilknytt NIF b) Deltakarar på idrettsskular godkjende av NIF c) Barn som ikkje er medlemmar av lag/klubb, men som deltek i organisert aktivitet i klubbens/lagets regi d) Barn med nedsett funksjonsevne er òg omfatta av forsikringa e) Flyktningar/asylsøkjarar er omfatta av dekninga for behandlingsutgifter, sjølv om dei ikkje er medlem av norsk folketrygd f) Trenarar, leiarar og oppnemnde dommarar som bistår ved organisert aktivitet for barn under 13 år g) Forsikringa gjeld i heile verda
Kva forsikringa gjeld for: a) Idrettsskade er skade på kroppen som oppstår plutseleg og uventa, og som skjer i forsikringsperioden i samband med organisert idrettsutøving b) Ulukkesskade er skade på kroppen som kjem av ei plutseleg ytre fysisk hending – eit ulukkestilfelle – som skjer i forsikringsperioden under reise og opphald i samband med organisert idrettsutøving
Kor/når forsikringa gjeld: Forsikringa gjeld under organisert idrettsutøving innanfor den idretten som forsikringsavtalen omfattar, samt under treningsøvingar som naturleg høyrer saman med denne, i regi av klubben.
Korleis melde frå om ei idrettsskade? Alle skadar må meldast elektronisk. Meld skade her.
Idrettens skadetelefon: All diagnostisering og behandling utover akuttbehandling skal bestillast via Idrettens skadetelefon. Utan dette fell retten til erstatning bort.
Les meir om Gjensidige si barneidrettsforsikring.
Klubbforsikring
Gjensidiges klubbforsikringGjensidige tilbyr lag- og klubbforsikring. Gjensidige tilbyr en grunnpakke med fem relevante forsikringer for lag og klubber som er utviklet i dialog med idretten. Grunnpakken er gunstig priset og inkluderer underslagsforsikring, noe lovverket i NIF pålegger klubber å ha. Klubber som kjøper grunnpakken, får også 15 % rabatt på øvrige forsikringer i Gjensidige.
Ifs klubbforsikringPakken gir klubbene forsikringsdekning for arrangementer, styreansvar, generelt ansvar og underslag. Klubbforsikringen gir også en basisdekning for alle medlemmer ved død og invaliditet. Klubbforsikringen inneholder en underslagsforsikring som tilfredsstiller NIFs krav. I tillegg til klubbforsikringen må klubben vurdere hvilke eiendeler som bør forsikres og om de har andre forsikringsbehov. Det kan dreie seg om bygninger med tilknyttet virksomhet, for eksempel reiseforsikring, kiosk med utsalg, anlegg og utstyr, kjøretøy som eies/leies av klubben, arbeidsmaskiner og reklamesystemer.