Hovudfokuset for aldersgruppa bør vere å halde fram med å forbetre og vidareutvikle grunnleggande motoriske ferdigheiter, med stadig meir komplekse øvingar og teknikkar i treningsarbeidet. Meistring og sjølvtillit er ferdigheiter som bør vektleggjast. Konkurransar bør fokusere på deltaking og personleg framgang.
På trening
På trening skal barna ha det sosialt, kjenne seg trygge, ønskje å prøve nye ting og ikkje vere redde for å feile.
• Barn har rett til å delta i eit trygt treningsmiljø, fritt for press og utnytting.
• Barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar der det er lagt til rette for utvikling av venskap og solidaritet. '
• Barn har rett til å velje kva idrett, eller kor mange idrettar, dei vil delta i. Dei bestemmer sjølve kor mykje dei vil trene.
• Barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar som er tilpassa alder, fysisk utvikling og modningsnivå.
• Alle barn har rett til å delta i idrett uavhengig av familiens økonomi eller engasjement. Barn har rett til å vere i eit inkluderande idrettsmiljø utan utstyrs- eller kostnadspress.
• Barn har rett til å oppleve meistring og lære mange ulike ferdigheiter. Dei skal òg ha moglegheiter for variasjon, øving og samspel med andre.
• Barn har rett til å velje om dei vil delta i konkurransar eller ikkje.
På konkurranse
Bestemmingar om barneidrett regulerer konkurransar i barneidretten. Ei av intensjonane er å redusere tid og kostnader knytt til reise til/frå aktivitet. Idrettslag blir difor oppmoda til å følgje dei same prinsippa for trening og andre aktivitetar i barneidretten.
• Barn frå 9–10 år kan delta i konkurransar i eigen region, men ikkje i nasjonale konkurransar.
• Resultat/karakterar skal ikkje brukast i konkurransar.
• Alt som indikerer rangering, som til dømes «Bra–Betre–Best», skal ikkje brukast i samband med konkurransar eller treningar.
• Det skal ikkje vere kvalifisering til nokon konkurransar i aldersgruppa 9–10 år. Alle konkurransar skal ha open påmelding i desse klassane.
• Finalar er ei form for kvalifisering. Det skal ikkje vere finalar under konkurransar for barn i aldersgruppa 9–10 år.
• Det er lov med konkurransar for aspirantar og minirekruttar (9–10 år), men utan rangering eller resultat. Individuelle og positive tilbakemeldingar kan givast.
• Alle skal få lik premie.
Dersom ein ynskjer å invitere til konkurransehelg med fleire aldersklassar (til dømes både lokal (6–8 år), regional (9–10 år) og nasjonal konkurranse (frå 11 år)), må desse konkurransane gjennomførast kvar for seg.