[email protected]


Logo
Bli medlem
Trygg og etisk idrett

Hovudfokuset for denne aldersgruppa bør vere å lære og meistre grunnleggande motoriske ferdigheiter. Eventuelle konkurransar bør vere uformelle og ha fokus på deltaking og leik.

På trening

På trening skal barna ha det sosialt, kjenne seg trygge, ønskje å prøve nye ting og ikkje vere redde for å feile.

• Barn har rett til å delta i eit trygt treningsmiljø, fritt for press og utnytting.

• Barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar der det er lagt til rette for at dei skal utvikle venskap og solidaritet.

• Barn har rett til å velje kva idrett, eller kor mange idrettar, dei vil vere med på. Dei bestemmer sjølve kor mykje dei vil trene.

• Barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar som er tilpassa deira alder, fysiske utvikling og modningsnivå.

• Alle barn har rett til å delta i idrett uavhengig av familiens økonomi eller engasjement. Barn har rett til å vere i eit inkluderande idrettsmiljø utan utstyrs- eller kostnadspress.

• Barn har rett til å oppleve meistring og lære mange ulike ferdigheiter. Dei skal òg ha moglegheit for variasjon, øving og samspel med andre.

• Barn har rett til å velje om dei vil delta i konkurransar eller ikkje.

På konkurranse

Bestemmelsene om barneidrett regulerer konkurransar i barneidretten. Ein av intensjonane er å redusere tid og kostnader knytt til reise til/frå aktivitet. 

• Barn frå 6–8 år kan delta i lokale konkurransar, men ikkje i regionale eller nasjonale konkurransar.

• Resultat/karakterar skal ikkje brukast i konkurransar.

• Alt som indikerer rangering, som til dømes «Bra–Betre–Best», skal ikkje brukast i samband med konkurransar eller treningar.

• Det skal ikkje vere kvalifisering til nokon konkurransar i aldersgruppa 6–8 år. Alle konkurransar skal ha open påmelding i desse klassane.

• Finalar er ei form for kvalifisering. Det skal ikkje vere finalar under konkurransar for barn i aldersgruppa 6–8 år.

• Det er lov med konkurransar for aspirantar og minirekruttar (6–8 år), men utan rangering eller resultat. Individuelle og positive tilbakemeldingar kan givast.

• Alle skal få lik premie.

Dersom ein ønskjer å invitere til konkurransehelg med fleire aldersklassar (til dømes både lokal (6–8 år), regional (9–10 år) og nasjonal konkurranse (frå 11 år), må desse konkurransane gjennomførast kvar for seg.