[email protected]


Logo
Bli medlem
Trygg og etisk idrett

Hovudfokuset for denne aldersgruppa bør vere leik og moro i det første møtet med idrett og organisert aktivitet.

På trening

På trening skal barna ha det sosialt, kjenne seg trygge, ønskje å prøve nye ting, og ikkje vere redde for å feile.

Barn under 6 år skal ha med seg ein vaksen på trening.

• Barn har rett til å delta i eit trygt treningsmiljø, fritt for press og utnytting.

• Barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar der det er lagt til rette for at dei skal utvikle venskap og solidaritet.

• Barn har rett til å velje kva idrett, eller kor mange idrettar, dei vil vere med på. Dei bestemmer sjølve kor mykje dei vil trene.

• Barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar som er tilpassa deira alder, fysiske utvikling og modningsnivå.

• Alle barn har rett til å delta i idrett, uavhengig av familien sin økonomi eller engasjement. Barn har rett til å vere i eit inkluderande idrettsmiljø utan utstyrs- eller kostnadspress.

• Barn har rett til å oppleve meistring og lære mange ulike ferdigheiter. Dei skal òg ha moglegheit for variasjon, øving og samspel med andre.

Arrangement

Barn under 6 år kan delta på arrangement i eigen klubb. Arrangement i eigen klubb kan til dømes vere avslutningar eller oppvisningar til jul og sommar, open dag i hallen – eller andre liknande, opne arrangement.